Bygdene og folket

Bygdene og folket

340,-
Vennligst velg
Antall:
Denne boka tek deg med på ei spanande reise frå fortid til notid. Det er ei soge om folket og bygdene i Luster, frå armod og slit i tidlegare tider, til velstand og gode vilkår i våre dagar. Det er historia om Arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet. Og kva desse har bidrege med i utviklinga av bygdesamfunna i dagens Luster kommune.

Boka startar med ei historisk skildring om framvoksteren av busetnaden i bygdene våre, frå jaktsamfunn via fattigslege husmannskår til småbrukarar og aktive handverkarar i eigne heimar. Frå nyare tid fortel boka om arbeidet med kommunesamanslåinga i 1950åra og sjølve samanslåinga i 1963. Kraftutbygginga og kravet om varige arbeidsplassar får brei omtale. Kontroversielle saker mellom dei borgarlege og Arbeiderpartiet, men også interne stridar og kontroversielle personval i partiet, er teke med.
Arbeidarpartiet har spela ei aktiv og viktig rolle i Hafslo, Jostedal og Luster. Også i åra etter samanslåinga har Luster Arbeidarparti hatt aktive og framtidsretta talsmenn i lokalpolitikken og på fylkes- og riksplan. "Bygdene og folket" er difor eit viktig supplement til lokalhistoria i Luster kommune.