Jostedal kyrkje - Fakta, segn og soge gjennom 350 år

Jostedal kyrkje - Fakta, segn og soge gjennom 350 år

** Diverre, ikkje på lager
449,-
Vennligst velg
Antall:

All the chapters in this book has a summary written in english

 

Dette er det nye standardverket om kyrkja. Praktboka gjev ei omfattande, oppdatert og samla framstilling av soga om kyrkja, presteembetet og det kyrkjelege livet i Jostedalen.


Baksidetekst: 
Jostedal kyrkje fyller 350 år i 2010. I dette høvet har det vorte samla inn ny og gamal informasjon om bakgrunnen til kyrkja. Dei fleste av oss har høyrt segna om Jostedalsrypa, og veit at Jostedalen låg øyde ei stund etter at svartedauden herja. Etter at nyryddinga starta, var det også trong for kyrkjelege tenester. Det vart sett opp eit heller spartansk kyrkjebygg omkring 1550-1580. Denne kyrkja var til nedfalls alt i 1630-åra, og det vart sett i gang arbeid med ei heilt ny kyrkje. Denne stod ferdig i 1660.

Med ei historie på 305 år har det vore mykje å ta tak i, og mange nye spørsmål og svar dukka opp undervegs i skrivearbeidet.

Kyrkja har vorte restaurert fleire gonger opp gjennom tidene, men fanst det ei endå eldre kyrkje på staden før dalen vart lagt øyde? Jostedalen var blant dei minst populære prestekalla i landet, kva kan grunnane vera til det? Kyrkja vart etter kvart modernisert, men korleis var reaksjonane då det første orgelet kom? Eller då nynorsken vart innført? Kva med det kyrkjelege organisasjonsarbeidet?

Dette er spørsmål forfattarane ser på når dei tek oss med på ei reise gjennom Jostedal kyrkje si historie.

(Tekst henta frå Jostedal hostorielag v/Oddmund Hoel)

Diplom, Årets vakreste bøker 2011

 

Innhald

s. 7 Føreord
s. 11 (I) Helsingar
s. 21 (II) Du gamle soge som støtt er ny, av Kåre Øvregard
s. 27 (III) Den fyrste kyrkjeskipnaden i Jostedalen, av Kåre Øvregard (og Geir Paulsen)
s. 43 (IV) Jostedal kyrkje: Ny kunnskap om gamalt bygg, av Kåre Øvregard
s. 55 (V) Utbetringar og påbygg, av Kåre Øvregard
s. 69 (VI) Eigarane av Jostedal kyrkje, av Kåre Øvregard
s. 75 (VII) Kyrkja og skulen, av Kåre Øvregard
s. 83 (VIII) Inventaret i kyrkja, av Asbjørg Ormberg
s. 117 (IX) Kyrkjelege tenester og aktivitetar, av Asbjørg Ormberg (og Oddmund L. Hoel, Oddlaug Molland og Åse Snøtun)
s. 169 (X) Det ringaste prestekallet i landet, Oddmund L. Hoel
s. 193 (XI) Jostedal prestegard av Oddmund L. Hoel (og Kåre Øvregard)

s. 215 (XII) Dei tilsette i kyrkja, av Asbjørg Ormberg

 s. 233 Tekstar, av Kåre Øvregard